Ved å registrere dykk i dette kontaktskjemaet, vil de bli lagra i databasen vår. De vil motta eit standardsvar med meir informasjon. De vil òg motta nyheitsbrev når nye aktivitetar blir lagde ut. Trekantsamarbeidet – det tette samvirket mellom brukarar, forskarar og industrien – gir utviklingsmiljøa ei unik forståing av operative behov og utfordringar.

På denne måten kan vi i fellesskap vidareutvikle Forsvarets operative evne. Det er særleg viktig å sjå kva slags bidrag sivil teknologi kan gje Forsvaret, både på kort og lang sikt. FFI ønskjer å kome i kontakt med sivil industri, gjerne SMB-ar, som har teknologi og/eller løysingar som kan vere av interesse.